Få med deg semesterets siste Akavors!

Arne Garborg vart fødd i 1851 i ein sterkt pietistisk familie på Jæren. Då han døydde i 1924 vart han hauglagd av kona si Hulda. Kva skjedde i mellomtida? Korleis utvikla Garborg sitt livssyn seg frå oppseding til død?

Arnfinn Haram innleier over den religiøse ambivalensen i livet og diktninga åt Arne Garborg. Haram er ein høgt akta litterat og samfunnsdebattant, og skriv mellom anna fast i Klassekampen. Til dagleg er han katolsk prest og prior i St. Dominikus kloster, Oslo.