Det postmoderne subjekt: frå nevrotisk til psykotisk

Pris

  • Gratis
DatoTidSted

Den nyliberalistiske ideologi inneber at individet har all fridom og samtidig alt ansvaret til å forma seg sjølv slik det vil. Samstundes vert tradisjonelt faste referansar som Gud og Stat brote ned og gjort ubetydelege, og ein må venda seg til skiftande og ustabile premiss i prosessen av å skjøna seg sjølv og skapa seg sjølv i verda. Kva gjer dette med folk og sjølvforståing?

Den franske filosofen og pedagogen Dany-Robert Dufour skildrar ei endring i sjølve måten å forstå eit subjekt på som følgje av den nyliberalistiske ideologien sin verdsomfattande gjennomslag.

Filosofen Arne Johan Vetlesen og litteraturvetar/journalist Tom Egil Hverven kjem til Biblioteket på Det Norske Studentersamfund for å samtala om Dufours tankar og kva for konsekvensar ei ny sjølvforståing har for person og samfunn.

Facebook-event: Publiserers en uke før!