Byen. Oslo.

DatoTidSted

Underlegt kva det kan koma seg av, at dei fleste byar under desse luftstrok hava sine beste hus i vest og sine verste i hus i aust. So er det og i Kristiania. Armare folk fara elles til alle utkantar og bur der i smaae pyntelege hus so godt dei kunna. Det er heller ikki greidt for slike folk aa leiga eit folkelegt hus inne i tykke byen,” Aasmund O. Vinje, 1860

Oslo veks raskt. Byen auker både i folketal, geografisk utstrekning og bygningsmasse. Det fysiske og det sosiale endrar seg, i samspel, medan alt veks. Politikk spelar ein viktig rolle, men byen lar seg ikkje lett styre. Ein kan skapa ytre rammer, gjennom arkitektur og infrastruktur, men historia har vist at dei fysiske rammene ikkje alltid fører til dei ønska sosiale resultata. Kvar kjem ein by som Oslo frå og kvar kan ein tenka seg at byen er på veg?

Karl Otto Ellefsen kjem til Det Norske Studentersamfund denne kvelden for å fortella meir om kva som driv denne veksten og kva moglegheiter og utfordringar byen står framfor. Han er rektor ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo og professor i arkitektur og urbanisme.

 

 

Facebook-event: https://www.facebook.com/events/489663594397937