Kulturbygg for kulturens skuld?

Pris

  • Gratis
DatoTidSted
  • onsdag 14. september 2011 kl. 17:00 i Betong

Kulturdebattane som får størst plass i nasjonale nyhende dreier seg ofte om fasadar i hovudstaden, anten det er bygg under planleggjing, oppføring eller bygg som allereie eksisterer.
Det er likevel ikkje berre i Oslo ein er opptekne av nye kulturbygg og utsjånaden på desse, og elles i landet kan det òg tidvis verke som om innhaldet og formålet med kulturhusa kjem i andre rekkje, sjølv om det var nettopp det som var argumenta for å starte byggjeprosessen i det heile. Kor vert det av diskusjonane kring den faktiske bruken av kulturlokala?

Me vil i denne debatten setje fokus på forholdet mellom arkitetur og kunstnarleg profil, kvalitet og drift. Korleis kan ein unngå at kulturbygg vert ein kostbar fasade, men heller vert ein pulserande arena for kulturformidling i ulike former, både i urbane og rurale strøk?

Panel:

  • Erling Haraldset - formidlingssjef og fungerande konsertsjef i Rikskonsertene
  • Thor Olav Fjellhøi - dagleg leiar for Ål kulturhus og Norsk kulturhusnettverk
  • Stein Olav Henrichsen - direktør for Munch-museet
  • Anne-Britt Gran - professor på Handelshøyskolen BI

Bilde:

http://www.matvareguiden.no/bilder/2469.gif