
11. juni inviterer ORIGO til konsert på Chateau Neuf i samband med sleppet av den nye singelen «Dårlig tid». Kvelden byr på eit variert program der koret tek publikum med på ei reise gjennom den musikalske historia si – frå tidlege coverlåtar og originalar frå EP-en deira til ferske låtar frå det komande debutalbumet. I tillegg vil improvisasjon stå sentralt, slik det alltid har gjort i ORIGO, og gi konserten eit levande og lunefullt preg som berre kan opplevast der og då. Kom og bli med på å feire ny musikk, gammalt og nytt repertoar – og eit kor som stadig er i rørsle/utvikling.
ORIGO er eit rytmisk kor i Oslo, der koristar frå ulike krokar av landet møtest for å skape noko større enn seg sjølve.
Gjennom låtskriving, improvisasjon og eit sterkt fokus på kreative prosessar omfamnar dei forskjellane sine og bruker dei til å skape musikk med ein raud tråd. Med Noregs dialektar i arsenalet fangar dei dei mange rytmane i Oslo og syng om livet i byen slik ein faktisk lever det – med alle kontrastane, dei rare møta og dei små, viktige augeblikka som utgjer eit ungt vaksenliv i Oslo.
Ingen aldersgrense
Dørene åpner: 19:30
Varighet: cirka 1 time